Bannerbilde som viser noe helserelatert

Giske kommunale legesenter AS

Her kan du kontakte oss trygt og enkelt

Bilde som representerer legekontoret

Velkommen til heimesida vår. 

Du kan også bestille timar via https://helsenorge.no/ (innlogging via BankID). Der kan du finne timar sjølv, bestille resepter, kontakte resepsjonen (E-kontakt) eller kommunisere med oss via e-konsultasjon.

Elles er du velkomen til å ta kontakt på telefon dersom du ønskjer det.

 

Råd om koronavirus (coronavirus)

28. februar 2020 kl. 10:16

Giske kommune følgjer råd frå Folkehelseinstituttet rundt koronaviruset. Dei følgjer nøye med på situasjonen og gir informasjon og råd til myndigheitene og helsetenestane. På deira faktaside vil du som innbyggar finne meir informasjon om viruset, korleis det smittar, hygieneråd og kva du skal gjere om du mistenker at du er sjuk.

Gå til Folkehelseinstituttet si faktaside for utfyllande informasjon:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/fakta-om-koronavirus-coronavirus-2019-ncov/#smittemaate

Om du mistenker at du er sjuk med det nye viruset kan du ringe legekontoret eller legevakt på telefon 116117. 

Symptomane på sjukdommen er som ved andre luftveisinfeksjoner, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.

Kontakt lege på telefon viss du har slike symptom og har vore i minst ein av følgande situasjonar: 

  • Har vore i eit område med vedvarende spreiing av koronaviruset dei siste 14 dagane.
  • Har hatt nærkontakt med ein person som er stadfesta sjuk med det nye koronaviruset i løpet av dei siste 14 dagane.

Helsedirektoratet har oppretta ein informasjonstelefon for spørsmål om korona. Nummeret til informasjonstelefonen er 815 55 015. Hit kan du ringe for meir generell informasjon.

 

Slutt på kontantbetaling

30. januar 2020 kl. 09:51

Fra 23.01.20 er det ikkje lenger mogleg å betale med kontantar ved legesenteret. Ein kan betale med kort, faktura eller mobilbetaling. 

Ved spørsmål, ta kontakt med resepsjonen.